browser icon
You are using an insecure version of your web browser. Please update your browser!
Using an outdated browser makes your computer unsafe. For a safer, faster, more enjoyable user experience, please update your browser today or try a newer browser.

Ukens anbefaling: Juryen

Posted by on March 2, 2015

Når: 03.03 kl 18.00
Kvar: Oseana kulturhus
Pris: Vaksne og born; kr. 225,-

Tysdag 3. mars kjem Riksteatret med ei borneframsyning der borna i salen bestemmer kva den skal handle om!

Foto: Siren Lauvdal

Foto: Siren Lauvdal

Kva skjer når borna får bestemme?

To dansarar dansar til vakker musikk, men blir avbrotne av barnestemmer som seier: “Kva er det dei gjer? Vi skjønnar ingenting!” Borna i videoen stansar framsyninga og seier: “Sidan vi er barn og dette skal vere ei barneframsyning, må vi få vere med å bestemme kva ho skal handle om!” Herifrå må dansarane gjere som borna seier. Trur du dei klarer å lage den optimale framsyninga?

Juryen er ei underhaldande framsyning både for born og vaksne. Borna er kanskje dei som ler mest og høgast!

Juryen er laga av Hege Haagenrud. Ho arbeider i landskapet mellom dans og teater, og produksjonane hennar har vore blant dei mest spelte framsyningane for born og unge dei siste åra.  På scena møter vi dansarane Maria Freyvoll og Caisa Strømmen Røstad.

Varer i 35 minutt, og passar for born frå 6 år og oppover.

Tekst henta frå oseana.no

Comments

comments

Comments are closed.