browser icon
You are using an insecure version of your web browser. Please update your browser!
Using an outdated browser makes your computer unsafe. For a safer, faster, more enjoyable user experience, please update your browser today or try a newer browser.

Ukens anbefaling: Stille Natt – eit draumspel (Hordaland Teater)

Posted by on November 26, 2013

 FØRJUL PÅ STEND 2013

Hordaland Teater markerer 25 års jubileet for teateret med en helt ny juleforestilling.

Stille Natt – eit Draumspel.

WEB

Om stykket:

I eit ørkenlandskap møter vi ein eldgammal mann som ventar på ein engel.

Han tek oss tilbake til den gong han var gut og møtte engelen for første gong.

Den gongen ville engelen ha han med til Betlehem.

Guten:

Betlehem? Kvifor skal eg bli med dit?

Engelen:

For det skal skje noko stort der.

Guten:

I Betlehem? I bakarane sin by? Det skjer då aldri noko stort der?

Engelen: Men no skal det skje ei storhending. Eit mirakel.

Folk kjem til å snakke om det i veker etterpå. Kan hende i år.

Men guten trudde ikkje på det, og han trudde heller ikkje på at ei stjerne skulle visa veg. Så han vandrar vidare og møter eit namnlaust esel og eit einsamt lam. Dessutan opplever han å få sin store draum oppfylt:

Å bli tryllekunstnar på sirkus!  Men engelen kjem stadig attende og vil ha guten med.

Vil guten følgje engelen? Og vil han oppleve eit mirakel?

Dette blir som «Tusen og ei natt» møter Juleevangeliet:

Det heile får vi oppleve i eit ørkenlandskap med trylling og magiske opplevingar! Det vert nyskriven musikk av Karoline Krüger med to musikarar på scenen.

Manus og regi: Tore Nysæther

Musikk: Karoline Krüger

Scenografi: Silje S. Kise

Med: Peter Bredal, Claus Sellevoll, Eline Sundal, Hilde Trætteberg Serkland, Helge Lilletvedt

Les mer på her!

Comments

comments

Comments are closed.