Hordaland Teater: “Sjølvforakt”

Når: Torsdag 12. februar kl. 19.30
Kvar: Klokkeklang/Grieghallen

Eigen medlemspris for Bergen Teaterforening –sjå e-posttilbod

Foto: Tor Erik H. Mathiesen

OM STYKKET:

Sjølvforakt er opprinneleg ei populær, dansk framsyning av kompaniet Hils din mor. Sjølvforakt gir publikum eit innblikk i korleis det er å kjenne seg annleis på godt og vondt.

Framsyninga handlar om dei to tenåringane Jonas og Benjamin som går i 9. klasse. Like før sommarferien stod Jonas fram som homo. Den første skoledagen etter ferien står det: JONAS ER HOMO i skolegarden. Dagen etter: JONAS ER EIT HOMOSVIN. Kven skriv det og kvifor? Og kven er det Benjamin heile tida får beskjedar frå på mobilen sin? Jonas og Benjamin er venner, og dei er kanskje også litt meir enn det. Men det der med å vere forelska og elske er noko underleg, noko ein får feber av. Sjølvforakt kjem inn under huda på dei som utøver vald mot minoritetar og dei som er offer for hatforbrytingar.

Framsyninga inneheld tema som mobbing, vald, baksnakking, gruppepress og den første kjærleiken. Ungt, opplysande og innvolverande teater, som bryt ned fordommar!
Bergensavisen : «Stykket signert det danske kompaniet Hils din mor tar ungdommene rett inn i situasjoner de selv kan oppleve. Det rusker opp i dem og krever at de gjør seg opp en mening om homofili, gruppepress og svik.»

Framsyninga tek ca 45 min. Passar godt for ungdom og vaksne frå 15 år.

image006

MEDVERKANDE

DRAMATIKAR: Tomas Lagermand Lundme
REGISSØR: 
Anders Lundorph
SKODESPELARAR: 
Sveinung Oppegaard og Igor Necemer

Comments

comments