HIGHWAY HYPNOSIS
Transiteatret-Bergen
Highway Hypnosis av Tore Vagn Lid
Hordaland Teater
Gjennom veggane på eit hotellrom høyrer ein låge stemmer, plutselege dunk, skrik, stilt, meir stilt, latter. Elskar dei kvarandre der inne? Eller slår dei? Gjennom veggane på eit anna hotellrom høyrest lyden av ein pianist som øver. Om og om igjen. Puccini sin ufullenda opera, Turandot. Den som ikkje har nokon slutt, fordi komponisten døydde. Kvifor spelar han akkurat den i kveld? Kva øver han til? Og kor lenge skal han plage naboen sin med dette? Alle som har budd litt på hotell, og særleg på dei mindre luksuriøse, veit kva som kan ligge mellom romma: gråten frå eitt rom møter stønna frå eit anna. Einsemda som vert stadfesta gjensidig av intenst nærvær.
I 1921, same år som Puccini starta arbeidet med sin ufullenda opera, heldt ein ung sveitsar, psykoanalytikaren Hermann Rorschach, opp ti små bilete for sine pasientar. Ti kort, i nøyaktig rekkefølge og utført etter klare prosedyrar. Dei var laga av blekk, bretta og falda ut igjen, slik at underlege mønster oppstod. Ein obskur test som opp gjennom åra har blitt elska og hata. Men har den noko med teater å gjere? Og kva med Highway Hypnosis-syndromet, først skildra i 1921, kor den køyrande – med auga fiksert på eitt punkt – kjem inn i ein transeliknande tilstand av vaken søvn ?
Svara ligg kanskje der, mellom menneska, mellom romma.
«HIGHWAY HYPNOSIS» – ELLER «SLEEPING WITH YOUR EYES WIDE OPEN» “A mental state in which a person can drive a truck or automobile great distances, responding to external events in the expected manner with no recollection of having consciously done so (…)”
Transiteatret-Bergen arbeider i skjæringspunktet mellom teater, film og musikk. Kompaniet har bak seg ei rekke kritikarroste produksjonar og har gjesta ei rekke land. Kunstnarleg leiar for Transiteatret-Bergen er regissør og dramatikar Tore Vagn Lid. Som regissør er han kjend for å skape framsyningar med klart politisk innhold. Lid har mottatt ei rekke prisar og utmerkingar for sitt arbeid, bl.a. Heddaprisen, Nordisk Hørespillpris, Kritikerprisen m.fl. I 2017 fekk han Ibsen-prisen for ”Vår Ære/Vår Makt” (DNS, 2016). Lid er ved sida av sitt kunstnarlege virke professor ved Kunsthøgskolen i Oslo.
Highway Hypnosis er eit konsept som er utvikla i eit samarbeid mellom Transiteatret-Bergen og Prosjektprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid (PUK). Highway Hypnosis endrar seg over tid, med nye versjonar på ulike arenaer. Versjon #1 hadde premiere ved Festspillene i Nord-Norge våren 2017, og versjon #2 hadde premiere under Teaterfestivalen i Fjaler. Versjon #3 har premiere på Hordaland Teater i Logen 6. januar 2018.
Spilledager:
LAU 6/1 19:00
ONS 10/1 19:00
TOR 11/1 19:00
FRE 12/1 19:00
LAU 13/1 19:00
Billetter kjøper du HER!
NB: Nytt billettsystem for produksjonar i 2018
Du vil kunne få beskjed om at du allereie er registrert som kunde når du loggar deg inn for første gong. Du vil då måtte be om å få tilsendt nytt passord.
Du kan også kjøpe billettar på Grieghallens billettkontor, tlf: 55 21 61 50
Gruppesal: tlf 55 21 61 70
NB! Billettgebyr på kr 25 pr billett når du ikkje kjøper på nettet.
Ledige billettar vert selde ved inngangen framsyningskvelden 1 time før start.