Spenningsklassikaren av Maria Gripe – til glede for nye generasjonar
Maria Gripe si forteljing er blant våre sterkaste romanklassikarar for barn og unge. Opprinneleg vart den laga som eit høyrespel i 1979, og serien vart for nokre år sidan kåra til det beste høyrespelet for ungdom i NRK, nokonsinne. «Tordivelen flyg i skumringa» er både ei sanseleg og medrivande spenningsforteljing, og ei tankevekkande påminning om korleis vår tid på jorda set spor for dei som kjem etter oss, både i relasjonar og i det økologiske kretslaupet vi påverkar. Les meir om framsyninga på www.detvestnorsketeateret.no.
I Miriam Prestøy Lie sin regi og Tora Troe sin scenografi, kan vi love ei visuell, leiken og spennande framsyning for barn frå ca 10 år.
Dramatisering og regi: Miriam Prestøy Lie. Scenografi og kostymedesign: Tora Troe Komposisjon/lyd: Selma Stang. Lysdesign: Silje Grimstad Med: Katrine Lunde Mackenzie, Stig Amdam, Petter Winther, Peiman Azizpour og Anne
Medlemmer i BTF får rabatterte billetter til prøveforestilling og generalprøve – se medlemsbrev for bestillingsinformasjon!